Dette kjem fram i 2. tertialrapport som vert lagt fram for formannskapet 8. oktober.

– Overforbruket er svært høgt, men ikkje overraskande, seier rådmann Rune Sjurgard.

Drastiske kutt

For å få eit reelt balansert budsjett, må både inntektene verte auka og driftsutgiftene drastisk kutta.

– Vi er i gang med desse førebuingane i samband med budsjettet for 2014, men det er også gjort ein del tiltak så langt vi har funne det muleg, innanfor den løpande drifta i år.

Det er i hovudsak snakk om sparing på driftsutgifter, reduksjon i vikarinnleige, halde ledige stillingar vakante og omplassere tilsette for å spare stillingsressursar. Mellom anna har kultursjefstillinga stått vakant sidan 1. august.

Skule

– Drifta i Volda er også pressa i dei andre avdelingane. Kommunen brukar mykje på skule, og kommunalteknisk har stort sett kvart år kome ut med avvik mellom budsjett og rekneskap, melder Sjurgard.

Han seier vidare at talet på tilsette må ned i Volda kommune for å få økonomien i balanse. I tertialrapporten bed han om fullmakt frå politikarane for å kunne starte prosessen med å førebu oppseiingar.