Dei eldste av oss sparer stadig meir pengar. I alle fall om vi skal ta utgangspunkt i likninga frå i fjor – og samanlikne det med same bankutskrift frå ti år tilbake. I Volda kommune har gjennomsnittet auka med heile 95,6 prosent sidan 2003.

– Har betre råd

Det er ein mykje større auke enn det vi har sett på landsbasis, då gamle Ola og Kari Nordmann har hatt ein auke på 72,6 prosent i bankbehaldninga. I Ørsta kommune har det vore ein auke på 82,3 prosent i desse åra.

– Auken skuldast rett og slett at vi har betre råd. I staden for å bruke opp pengane, så har nordmenn feita opp sparekontoen i denne perioden. seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl til Møre-Nytt.

Trur på meir sparing

– I tillegg har langt fleire forstått at for å leve livet dei ønskjer som pensjonist må ein spare. Vi er sprekare enn før og lever lenger. Dette gjer også at pensjonen i framtida blir mindre for dagens unge. Eg trur og håper derfor at sparinga framover vil auke, understrekar Sandmæl – også kjend frå økonomiprogrammet ”Luksusfellen” på TV3.

Snittet i Volda

Gjennomsnittleg bankinnskot for dei som var 67 år eller eldre i Volda i fjor var på 493.700 kroner. Dette er dermed 241.300 kroner høgare enn kva snittet var for ti år sidan. Dette er altså summen som er oppførd frå likninga i fjor. Det var 1.303 personar frå Volda i denne aldersgruppa, som hadde bankinnskot. Og det utgjer 98 prosent av alle frå 67 år og oppover. Den eldre garde i Volda trekkjer snittet i Noreg ein del opp – då landsgjennomsnittet er på 474.400 kroner.

I Ørsta kommune var det 1.660 personar over 66 år som hadde bankinnskot, og gjennomsnittleg sum var på 436.400 kroner. Dette er 197.000 kroner meir enn kva snittet var tilbake i 2003.

Best i fylket

Gjennomsnittleg bankinnskot for eldre i Møre og Romsdal var på 453.500 kroner i fjor, noko som er opp 72 prosent frå 2003. Den kommunen i Møre og Romsdal som har høgaste gjennomsnitt, er Stordal, som kunne skilte med eit snitt på 542.200 kroner. Hareid har minst med 369.500 kroner i snitt.

Hemsedal kommune i Buskerud toppar landsoversikta med astronomiske 945.800 kroner i snitt. Derifrå er det eit sprang ned til Bærum med sine 677.800 kroner. På denne lista over 428 kommunar kjem Volda på 91. plass, mens Ørsta er nummer 208.

– Vi lever lenger

– Vi får mindre frå Folketrygda når pengesekken blir delt på fleire år, fordi vi lever lenger. Men på toppen kjem jo pensjon frå arbeidsgivar, seier Sandmæl.

– I framtida vil dei fleste bedrifter ha ei innskotsordning. Det betyr at det er ein pengesekk som gjerne går tom etter ti eller 15 år. Altså kan du sitje igjen med pensjon berre frå Folketrygda når du er i 70-åra, enda du er sprek og vil reise mykje. Då kan det vere greitt å spare litt ekstra, seier ho.