Viken har tidlegare arrangert julemiddag, nyttårsmiddag og påskemiddag for folk i Ørsta som ikkje har familie å feire høgtidene saman med. Tilbodet har vorte teke godt i mot, så Viken stiller no opp med kaldtbord og kakebord på Bakk-Ola-Marka 17. mai.

– Eg har fått mange gode tilbakemeldingar på dei tidlegare arrangementa. Folk er takksame og synest det er eit positivt tiltak, seier Viken. Han legg til at det er mange som bur heime åleine og manglar eit sosialt tilbod i høgtider og på heilagdagar.

– Også på Bakk-Ola-Marka er det stengt dersom vi ikkje lagar til eit eige opplegg.

Viken understrekar at 17. mai-treffet på Bakk-Ola-Marka er ope for alle i Ørsta som har lyst å feire dagen saman med andre.

Som tidlegare er det Norhus som har teke på seg sponsinga av mat og materiell.

Styreleiar Lauritz Holsvik i Norhus seier dei er glade for å kunne vere til hjelp for einslege i Ørsta.

– Det er veldig kjekt å sjå oppslutnaden rundt tiltaka. Mange i målgruppa set pris på at vi engasjerer oss. Dette er ei gruppe som elles vert sitjande i einsemd. Vi brukar ein del middel på sponsing, og ser då etter grupper som vanlegvis ikkje får den største publikumsmerksemda, men lett vert gløymde, seier Holsvik,

Kaldtbordet på Bakk-Ola-Marka opnar i 12-tida 17. mai. Etter folketoget i 16-tida vert det servert kake og kaffi til dei som tek turen innom.

– Alle er hjarteleg velkomne, seier Viken.