Volda og Ørsta kommunar har i mange vore blant dei rimelegaste kommunane i landet når det kjem til kommunale avgifter. Skilnaden frå dei rimelegaste til dei dyraste kommunane er på 12.000 kroner, og statistikken viser at det er dei små kommunane som er dei dyraste. Oversikta som er utarbeidd tek utgangspunkt i kommunale avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing for ein bustad på 120 kvm i 2013.

5,9 prosent auke i Ørsta

I Ørsta kommune må ein ut med 2.365 kroner for vatn, 2.664 kroner for avløp, 2.375 for renovasjon og 414 kroner for feiing. Med det gitte utgangspunktet vert dette 7.818 kroner i kommunale avgifter. Frå i fjor er dette ein auke på 5,9 prosent. Ørsta kommune plasserer seg blant dei tjue rimelegaste kommunane i landet.

I Volda kommune er avgiftene 2.596 kroner for vatn, 1.561 for avløp, 2.375 for renovasjon og 520 kroner for feiing. Samla vert dette 7.053 kroner i kommunale avgifter, og det er ein auke på 1,8 prosent frå i fjor. Volda kommune er den sjette rimelegaste kommunen i landet, og det er Lørenskog, Lyngdal, Stavanger, Årdal og Sola er rimelegare.

Over 4.000 kroner rimelegare enn landssnittet

Gjennomsnittet for landet er 4.000 kroner for vatn, 4.427 kroner for avløp, 3.146 kroner for renovasjon og 473 kroner for feiing. Frå i fjor har samla sett vore ein auke på 3,3 prosent i kommunale avgifter i Noreg, og gjennomsnittleg må ein ut med 11.949 kroner i avgifter i 2013. Ørsta ligg 4.131 kroner under snittet, og Volda er 4.896 kroner rimelegare enn snittet. Volda og Ørsta er også rimelegare enn m.a. Ulstein, Stryn, Herøy, Hareid og Ålesund.

– Overraskande med realvekst

Den dyraste kommunen i landet er Nordre Land der ein må ut med 18.431 kroner i kommunale avgifter i 2013. Godt over 10.000 kroner meir enn i Volda og Ørsta. Variasjonane i avgiftene er store frå kommune til kommune, men statistikken viser at avgiftene no aukar og at auken er større enn inflasjonen. Ifølgje Huseiernes Landsforbund kan noko av årsaka til dette vere betre standard på vassforsyning, avløpsanlegg og renovasjon som følgje av strengare krav frå myndigheitene. Noko kan også kome av etterslep av investeringar i leidningsnettet.

– Det er overraskande at ein også i ei periode med rekordlåge renter opplever nok eit år med realvekst i dei kommunale avgiftene, uttaler adm. dir. Peter Batta i Huseiernes Landsforbund.