Det skriv fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Odd Jarle Veddeng, i eit brev til Odd Magne Vinjevoll ved Ørsta Næringskontor.

Kortare veg til sjukehuset

Vinjevoll skreiv før jul eit brev der han stilte spørsmål om mellom anna nye vegsamband ikkje skal bety noko for fordelinga av pasientar mellom helseføretaka. Han meiner det må vere logisk at dei kommunane som kjem nærare eit anna lokalsjukehus grunna nye vegar, får tilbod om å knyte seg til dette sjukehuset.

– Kapasiteten er ikkje slik at Volda kan ta i mot eit stort tal pasientar frå Helse Vest utan at det går ut over tilbodet for pasientar frå vårt eige område, kommenterer Veddeng.

Han seier også at dette eigentleg ikkje er ei sak for Helse Møre og Romsdal fordi den vedkjem grenseoppgangen og ansvarsfordelinga mellom Helse Midt-Norge og Helse Vest. Dei to regionane har eit formalisert samarbeid om fødetilbod ved Volda sjukehus for pasientar frå Nordfjord. Fritt sjukehusval for planlagd behandling gjeld, men det ligg ikkje føre eit formalisert samarbeid om akuttberedskap.