Det kjem fram i ein sluttrapport med utkast til samarbeidsmodellar mellom Ålesund og Volda for det medisinske tilbodet innan kirurgi for framtida. Ei arbeidsgruppe med representantar frå begge sjukehusa har jobba med rapporten.

I rapporten kjem det fram at gruppa har opplevd arbeidet som krevjande.

– Denne typen arbeid gjer også noko med dagens arbeidsmiljø. Dei klarer ikkje å einast om eitt felles alternativ for framtidig drift av kirurgverksemda på Sunnmøre, grunngjeve med gruppemedlemene har ulikt syn på korleis dette kan og bør verte løyst. Spesielt er det usemje innan arbeidsgruppa i spørsmålet om samling av akuttfunksjonen i kirurgi på eitt av sjukehusa på Sunnmøre, står det innleiingsvis i rapporten.

Volda

Volda viser til negative konsekvensar av å fjerne akuttilbodet i Volda.

– Ved traume er Volda sjukehus ei viktig tryggleik for innbyggjarane. Ved å framleis ha kirurgisk akuttfunksjon i Volda, vil den gylne timen etter skade framleis vere oppnåeleg for folk i Nordfjord og på Søre Sunnmøre, står det i rapporten.

Gjeldande traumeplan tilseier at traumepasientar i hovudsak skal verte sendt til Ålesund sjukehus. Erfaringane sidan denne omlegginga er likevel at Volda sitt tal på traumepasientar er tilnærma uendra.

– Dersom akuttkirurgen i Volda vert lagt ned, vil eit stort tal innbyggjarar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, få ein mykje lenger reiseveg til sitt akuttilbod innan kirurgi.

Ved alvorlege operasjonskrevjande tilstandar kan liv gå tapt, når reisevegen vert lenger, hevdar dei i rapporten, og seier at det fins konkrete eksempel på dette.

Volda sjukehus stiller også spørsmål ved om Ålesund sjukehus har kapasitet til å utvide sitt opptaksområde i kirurgi tilsvarande Volda sitt nedslagsfelt, utan at dette medfører kapasitetsproblem.

Ålesund

Fagmiljøet i Ålesund meiner at dei kan sikre eit kvalitetsmessig godt akuttilbod for alle pasientar på Sunnmøre med tilstrekkeleg rask responstid ved å samle akuttfunksjonen.

– Den medisinske utviklinga går i retning av meir spesialisering og spisskompetanse. Utviklinga føreset i større grad samling av funksjonar for å få nødvendig volum og kvalitet. Grunntanken er at auka volum gir betre kvalitet, som igjen kjem pasienten til gode, står det i rapporten.

I Ålesund er dei samde i at det er viktig å ta omsyn til reiseavstandar, men seier samstundes at dei alt i 1,5 år har hatt funksjonsdeling innan akutt hjelp i helgane.

– Akuttfunksjonen vert teken i vare av Ålesund sjukehus for heile Sunnmøre i helgane. Dette har fungert godt, til trass for geografi og avstandar. Dersom ordninga fungerer og er forsvarleg for to av sju vekedagar, vil den også vere det for resterande fem dagar.

Inkluderer ikkje Nordfjord

Fagmiljøet i Ålesund minner om at reiseavstanden for folk på Sunnmøre vil vere innanfor det som er forsvarleg ved å samle akuttkirurgien i Ålesund.

– Vi kan ikkje ta omsyn til lengre reiseveg for innbyggjarane i Nordfjord. Nordfjord høyrer til i Sogn og Fjordane, og akuttfunksjonen der skal verte teken i vare av Førde sjukehus. Ved akutthjelp kan ikkje folk påberope seg fritt sjukehusval.

Når det gjeld kapasiteten seier fagmiljøet i Ålesund at dette ikkje skal gå ut over kreftpasientar eller andre utsette pasientgrupper. Det ligg alt i planen at dei skal ha eit ekstra team for akutthjelp i Ålesund.

– Dersom akuttfunksjonen for blautdelskirurgi i Volda skal verte overført til Ålesund, er det føresett at tilsvarande ressursar vert overført med oppbemanning og utviding av sengepost.

I rapporten er det skissert opp tre alternativ for framtidig struktur, der nullalternativet er eitt av dei, altså at strukturen skal vere som i dag. Rapporten skal danne grunnlaget for vidare vurderingar.