– Vi spør alltid med håp i stemma, men håpet vert ganske raskt sløkt, seier økonomileiar i kommunen, Andrea Fivelstad.

I slutten av september hadde kommunen møte med assisterande fylkesmann Rigmor Brøste. Ho gav klar beskjed.

– Og det er ikkje overraskande. Det er nok det som må til også. Vi snakka med fylkesmannen om dette med lån med rentekompensasjon, og om det kunne vere eit unntak, men svaret er nei, seier Fivelstad.

Ho fortalde dette i kommunestyremøtet 3. oktober.

– Men vi må ta innover oss dei positive tinga. Driftsresultatet vårt er på veg i rett retning, men vi må halde fram i same leia, og vi har fått stadfesta at vi enno ikkje er nok rett på veg. Det er ei kjempeutfordring at fylkesmannen seier nei til å låne meir pengar, og det er eit signal kommunestyret må ta med seg inn i budsjettarbeidet mot slutten av året.