Leiar Knut Hustad i Hjørundfjord bondelag og Samarbeidsutvalet for bondelaga i Ørsta er ikkje akkurat begeistra over landbrukspolitikken til den komande regjeringa.

– Eit åtak på strukturen

Planar om ei effektivisering og tilrettelegging for større produsentar, ligg dei vestlandske småbruka i faresona, trur Hustad.

– Den nye regjeringa er klare om kva dei vil allereie no. Dei går til åtak på strukturen som landbruket er bygd opp på. Det første dei vil ha vekk, er buplikta. I tillegg skal det verte lettare å dele opp jorda. Regjeringa legg opp til at det skal verte lettare å slakte gardsbruk, seier Hustad oppgitt. Han meiner det no vil verte lettare for odelsborna å bruke garden som feriebustad medan ein bur andre plassar i landet, i staden for å drive garden vidare.

– Samstundes skal tollvernet ned og konsesjonsgrensene vekk. Dette skulle balansere produksjonen av kjøt og mjølkeproduksjon så ein fekk landbruk over heile landet. Visst grensene forsvinn, kan alle produsere meir mjølk, kjøt og kylling. Prisane vil gå ned, noko som vil gå ut over dei minste bruka, slik som dei vi har på Sunnmøre og i Ørsta.

Ingen att om 20 år?

Hustad peikar på at det dei siste ti åra har forsvunne 150 gardsbruk årleg i Møre og Romsdal, så alt har ikkje gått på skinner med den førre regjeringa heller. Men no fryktar han ein akselerasjon i nedgangen.

– Eg hadde håpt nedgangen skulle flate ut, men med dei signala vi no har fått, er eg ikkje optimist. Eg trur det vert ein auke i nedlegginga dei komande åra. Får ein ikkje betalt, kan ein ikkje byggje ut og satse. Då går det fort feil veg. Held nedlegginga fram i same tempo som no, er det ikkje fleire gardsbruk att i Møre og Romsdal om tjue år, seier Hustad.

– Når ein har fjerna kvotar, tollgrenser og buplikt, er det irreversibelt. Kor mykje tilskot ein skal gi, er ein evig kamp mellom regjeringar. Men når ein tek grunnpilarane om at ein skal ha landbruk over heile landet, og fjernar buplikt så ein kan dele opp gardane til feriebruk, då kan ein ikkje gå tilbake på det.

Lokalpolitikarar

No håper Hustad at lokalpolitikarane vil engasjere seg og påverke regjeringa til å verte meir landbruksvenleg.

– Ordførar Rune Hovde (H) og Hans-Olav Myklebust (Frp) er fulle av godvilje, men det kviler eit stort ansvar på skuldrene deira. Ørstapolitikarane og fylkespolitikarane har eit ansvar, for dei kan påverke politikken, seier han.