– Vi har sett på økonomi og styringssystem. Ørsta har jobba med styringssystem litt før vi kom, og det ser vi i m.a. årsmeldinga. Dei har forstått at dette er noko som dei må gjere noko med. Vi har og gått gjennom dei økonomiske analysane, og dei store midlane fann vi eigentleg ikkje. Ørsta kommune har drive nøkternt, og det har vore ein flink kommune, seier seniorrådgivar Jens-Einar Johansen i KS.

– Vore kostnadseffektive i dei fleste kjerneområda

Tysdag var politisk og administrativ leiing, seksjonsleiarar, einingsleiarar og tillitsvalde i Ørsta kommune samla i flatsalen på kulturhuset. I tillegg var kommunestyrerepresentantar invitert til møtet. Ørsta kommune er ein del av Robek-nettverket. Til saman er det seks samlingar for kommuneleiinga i dei kommunane som er med i nettverket. Innanfor nettverket har kommunane moglegheit til å be om ei kommunesamling. Dette har Ørsta kommune, og alle andre kommunar, gjort. Seniorrådgivarane Halvard Svendsen og Jens-Einar Johansen i KS leia kommunesamlinga, og seier at dei ikkje kan peike på eit spesifikk område med overforbruk som har ført til at Ørsta kommune hamna i Robek.

– Nei, det kan vi ikkje seie. Dei har heller vore prega av det motsette med tanke på inntekter. No har dei gjort vedtak om eigedomsskatt, og då får dei meir inntekter. I dei fleste kjerneområda har dei vore kostnadsbevisste, så langt som vi kan sjå, seier Johansen.

– Viktig at kommunen står samla

Under samlinga gjekk seniorrådgivarane gjennom handlingsrommet til dei ulike tenestene i Ørsta kommune, og korleis Ørsta kommune kan få meir målstyring. Seniorrådgivarane er også optimistiske på Ørsta sine vegner om at dei skal kome seg ut av Robek.

– Det trur eg dei klarer. Det er artig å møte politikarar og administrasjon som vi gjer her, og at dei uttrykkjer heile tida at dette er vi saman om.

– Det å vere samla og jobbe saman om å kome seg ut av Robek, er det ein viktig faktor?

– Det er absolutt ein viktig faktor. Administrasjon og politisk leiing må stå samla om slike utfordringar, viss ikkje vert det berre tull, seier Johansen.

– Målstyring er viktig

Ordførar Rune Hovde seier at besøket ifrå KS var for å forankre dei prosessane som kommunen må gjennomføre.

– Her var politikarar, administrasjon, tillitsvalde, og alle høyrer og ser det same. Vi seier at skal vi få til dette så må vi drage i rett retning, og i same retning. Derfor er dette møtet viktig. Eg håper at folk tek det til seg, og seier «ja, vi må gjere noko». Slik er situasjonen, og vi må vere konkrete på enkelte ting. Spesielt dette med målstyring tykkjer eg er veldig viktig, og at vi skal sette kvalitet på tenestene våre og finne ut om vi kan verte betre. Vi skal finne ut om vi brukar pengane våre rett. Når vi har avgrensa med pengar, så må vi bruke desse pengane rett. Vi sørgje for at politikarane, administrasjonen og dei tilsette skjønner kva vi snakkar om.

Ute av Robek i 2014?

Ordføraren seier at kommunen no står samla, og han håper at Ørsta skal vere ute om Robek om ikkje altfor lenge.

– Eigentleg har vi dei inntektene som vi skulle hatt, men vi har vore litt for lite kostnadseffektive over mange år. Til slutt så vert det gale, men det er ikkje dei store enkelt tinga å ta tak i. Vi må berre snu litt på drifta vår. Når eg seier litt, så er det dramatisk nok frå dei som kjem bort i det, men vi må gjere noko og vi kan ikkje halde fram med å knipe igjen augo. No utnyttar vi inntektspotensial, eigedomsskatten, og det måtte vi berre gjere. Vi må ikkje kvile oss på det. Så må også gjere noko med drifta, slik at vi snur om dette og driv med litt margin kvar år slik at vi kan stå imot når dei vanskelege tidene kjem. Så håper eg at vi kjem oss ut av Robek. Dette hadde vore fole stas om klarte det i løpet av 2014, seier Hovde.