- Dei kommunale brøytemannskapa har gjennom lang tid sett seg lei av avskilta bilar som eigarane har parkert på offentleg areal. Dette skapar vanskar ved rydding og vedlikehald av desse plassane, skriv teknisk sektor i Volda kommune på nettstaden til kommune.

Spesielt ille er det der det står fleire avskilta bilar, som til dømes på plassen ved Coop Mega, ifølgje kommunen. Likeeins er det på Moritzmarka ved taxisentral/busshaldeplass. Her er det biloppstillingsplass og her står ein avskilta bil midt på parkeringsplassen.

- Bilen har stått over eitt år utan at kommunen har greitt å fjerne den.

Ifølgje Volda kommune går det kvart år med mykje tid for kommunen på å fjerne bilane. Og det er ikkje alltid lett.

- Dersom politiet meiner bilen er vrak, kan kommunen gjevast løyve til å fjerne bilen. Meiner dei derimot at bilen er "brukbar", vert den ståande til irritasjon for både brøytemannskap og publikum som skal nytte parkeringsplassane.

Kommunen oppmodar eigarane av bilane å fjerne dei snarast råd.