Hotelldirektør Mariann Øye-Mork vakna til ei gladmelding onsdag morgon. Ordførar Stein Aam ringde og fortalde at Ørsta kommune sin næringspris for 2015 går til Hotel Union Øye.

– Vi nærmar oss slutten på sesongen no, med innspurt for konferansar og julebord. Dette gir oss motivasjon til å springe litt ekstra fort den siste opningsmånaden vår.

Sesongope

Hotellet er nemleg berre sesongope frå midten av april til midten av desember. I høgsesongen har dei nærare 30 namn på tilsettlista si, men blant dei meir eller mindre fast tilsette er dei fire.

– Dei månadene vi held stengt jobbar vi for å utvikle oss vidare. Hotellet fyller 125 år neste år, og det seier seg sjølv at eit hotell med ein slik alder er eit evigheitsprosjekt.

Dei seinare åra har dei mellom anna investert stort i å oppgradere underetasjen til eit moderne konferanselokale.

Konferanse og møte

– Vi satsar på å jobbe oss opp som eit konferanse- og møtehotell. Vi har lågsesong i april/mai og frå august til desember, og ser at vi har potensial der. Det er kanskje ein sviktande marknad for konferansar, sett i lys av situasjonen landet er i for tida, men vi har trua på at det er mogleg å få til ein auke for oss.

Då tenkjer Øye-Mork særleg på at dei er eit nisjehotell med ei unik historie å formidle.

– Folk vil oppleve oss som annleis, og vi er opptekne av å gi folk noko ekstra når dei kjem til oss. Dei skal få meir enn dei ventar. Etter eit besøk til Øye skal folk ta med seg noko som gjer at dei lengtar tilbake. Der er mange historiske bygg i Noreg, men historia er verdilaus om der ikkje er folk som evnar å formidle henne. Det er vi opptekne av, i tillegg til å vere eit godt vertskap.

Eksklusivt

Det er formannskapet i Ørsta som fastset kven det er som skal få prisen. Dei var samstemte om at Hotel Union Øye var ein verdig vinnar i år.

– Alle var samde om at det no var deira tur. Heile bygdesamfunnet, dei tilsette og eigarane 62ºNord gjer ein fantastisk jobb, seier ordførar Stein Aam.

Personleg meiner han hotellet berre vert betre og betre.

– Eg opplever at det å vere der på møte, eller i bryllaup eller fest er ei eksklusiv og god oppleving, og at dei driv hotellet betre for kvart år.

Tidlegare vinnarar er Tussa i 2011, Petter Myklebust i 2012, lakseoppdrettar Ottar Vartdal i 2013, og Bygg 1 Produkt i 2014.

Prisen er på 10.000 kroner.

Stolte

Næringsprisen set Mariann Øye-Mork høgt.

– Det er fint å verte sett pris på av våre eigne. Ørstingar er flinke til å bruke oss, men det er også slik at folk kan ha lett for å gløyme at dei kan feriere i sitt eige nærområde.

Dei har opplevd ei oppblomstring etter at dei arrangerte to Vamp-konsertar for ein fullsett hage i sommar.

– Folk har fått auga meir opp for oss. Det har vi merka, og det er vi veldig glade for. Vi kan verte brukte til meir enn lunsj og ein kort stopp for eit stykke eplekake. Dei lokale er våre viktigaste ambassadørar. Det finst ikkje betre marknadsføring enn at folk snakkar godt om oss. Denne prisen er vi svært stolte av å få.

Hotelldirektør Mariann Øye-Mork seier at hotellet er stolte og glade over tildelinga.
<strong>Samde:</strong> Eit samrøystes formannskap gjekk inn for å gi Hotel Union Øye Ørsta kommune sin næringspris for 2015.