Mary Egset frå aksjonskomiteen for Søre Sunnmøre fortel at dei vil halde stand der dei deler ut brosjyrar og held sal til inntekt for Rosa sløyfe, der pengane går til brystkreftforsking.

Rosa sløyfe-aksjonen vert arrangert i oktober for å vise solidaritet med dei som er råka av brystkreft. Målet er å spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft.

Rosa sløyfe har sitt opphav i USA der amerikanske kvinner på starten av 1990-talet kravde meir pengar til brystkreftforsking. Sidan den gongen har organisasjonar, bedrifter og privatpersonar engasjert seg i aksjonen kvar oktober månad. Aksjonen vart halde for første gong i Noreg i 1999.

Pengar

Ann Katrin Hjorthaug ved Statoil Ørsta fortel at dei vil selje rosa spylarvæske og rosa kaffikoppar, der fem kroner frå kvart sal vil gå til kreftforeininga.

Også 50 kroner per bilvask vil gå til kreftforsking.