Helse- og omsorgsministeren offentleggjorde torsdag si innstilling til nye styremedlem i dei regionale helseføretaka. Talet på eigaroppnemnde styremedlem i dei fire styra er redusert frå 36 til 26 medlemar. Over halvparten av styremedlemene er kvinner.

- Storleiken på styra har i fleire samanhengar vore til hinder for gode prosessar og grundige diskusjonar. Difor meiner eg at det var rett å redusere talet på eigaroppnemnde styremedlem, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ein kommentar.

Marthe Styve Holte har vore styreleiar for Helse Midt-Norge dei siste to åra, og får no fornya tillit og to nye år i leiarstolen.

Sjølve oppnemninga av styremedlemene for dei regionale helseføretaka finn stad i møte 7. januar.

Tre færre

Styret i Helse Midt-Norge er redusert med tre medlem, og går frå 13 til 10. Kåre Gjønnes, Eva Vinje Aurdal, Kjersti Tommelstad, Ottar Brage Guttelvik, Trond Prytz og Gunn Iversen Stokke er ute.

Nye medlem er Ola Strand, Paul Steinar Valle og Brit Tove Welde.

Fornya tillitt får også Vigdis Harsvik og Tore Kristiansen, i tillegg til tilsetterepresentantane Ellen Marie Wøhni, Bjørg Henriksen, Tore Brudeseth og Rune Heggedal.