26. mars 2015 kjem vinnaren av Ørsta sin næringspris 2014 til Næringskonferansen Søre Sunnmøre.

– Vi gler oss til å høyre dagleg leiar Jan Runar Holsvik fortelje om Bygg1 si reise frå gründerverksemd til eit av dei leiande selskapa i den norske dørmarknaden, skriv konferansen i ei pressemelding.

Holsvik har jobba i byggjevarebransjen i 23 år, og var med og starte dørimportøren Bygg 1 Produkter AS i 2001, der han i dag er dagleg leiar og medeigar.

Bygg1 har etablert seg som ein stor leverandør i den norske dørmarknaden. Dei har handelsavtalar med ei rekke produsentar i Baltikum, Sverige, Finland og Norge, og eig i tillegg sin eigen dør- og karmfabrikk i Latvia.

Verksemda har teke imot ei rekke prisar, der den siste er den høgthengjande næringsprisen til Ørsta kommune for 2014.

Næringskonferansen Søre Sunnmøre blir arrangert i Ørsta i slutten av mars neste år. Lars Monsen er mellom dei andre føredragshaldarane.

PS: I ein tidlegare versjon av denne saka stod det å lese at Kjersti Kleven er mellom føredragshaldarane under konferanse. Dette stemmer ikkje. Ho deltok på førre konferanse. Møre-Nytt ber om orsak for feilen.