Volda kommune har no klar rekneskapen for 2011. Sjølv om drifta viser nullresultat, og kommunen ikkje er på Robek-lista, er det grunn til å uroe seg, meiner økonomisjef Henrik Skovly og rådmann Rune Sjurgard i Volda kommune.
Lånegjelda auka siste året med 61,5 millionar, og er ved utgangen av 2011 på 636,9 millionar kroner.
Dette svarar til om lag 73.322 kroner per innbyggjar, og ligg høgt over landsgjennomsnittet. Dersom kommunen skal fullfinansiere alle tiltaka som er omhandla i gjeldande økonomiplan, vil Volda kommune i komande fireårsperiode kome over ein milliard i gjeld.
Kommunen har i tillegg opparbeidd seg restanse på 49,3 millionar kroner i pensjonskostnader ved å nytte seg av ordnionga med å kunne rekneskapsføre delar av pensjonskostnadene over tid, såkalla premieavvik som er differansen mellom betalt og rekneskapsført pensjonspremie.
Fram til 201 kan premieavviket verte fordelt over femten år, og der etter over ti år. For 2011 utgjer premieavviket fjorten millionar kroner.
- Det at belastninga med deler av pensjonskostnaden kan verte fordelt over tid, gjer at Volda kommune sin rekneskap kan gå ut i balanse, og at kommunen også greier å setje av 3,7 millionar kroner til disposisjonsfondet, seier Skovly og Sjurgard.
Økonomisjef Skovly og rådmann Sjurgard viser til at kommunen med stramme budsjettrammer yter gode tenester, men presiserer at kommunen er i ein svært pressa økonomisk situasjon.
- Dette krev god styring og stram prioritering framover, understrekar dei to.