Mannen var tiltalt for å ha køyrt og krasja ein moped i Ørsta sentrum i september i fjor medan han var påverka av alkohol og hasj. Han var også tiltalt for å ha nytt alkohol eller bedøvande middel dei første seks timane etter han køyrde, når han måtte forstå at saka kunne verte politietterforska.

I retten har mannen innrømt å ha køyrt moped i påverka tilstand den aktuelle dagen, men hugsar ingenting frå dagen anna enn at han vakna opp på sjukehuset og sette seg imot blodprøvetaking. Han avviser at mopeden hans vart påført nye skader den kvelden, og hevdar det er snakk om gamle skader.

Då politiet sjekka området han skal ha krasja, fann dei korkje teikn til ei trafikkulykke eller mopeden. Heime hos mannen fann dei mopeden med ein del skader. Det er uvisst kvar AMK fekk meldinga om at det hadde vore ei trafikkulykke frå. Eit vitne observerte tidlegare på kvelden ein moped som passa til skildringa, men kunne ikkje seie kven som var føraren.

Retten finn det ikkje bevist utanfor rimeleg tvil at mannen køyrde mopeden, då det ikkje fins vitne til køyringa og ingen kan stadfeste at mopeden var involvert i ei ulykke.

Mannen vert difor frifunne for å ha køyrt moped i rusa tilstand og etterfølgjande alkohol- og rusinntak.

Han får likevel straff for å ha brukt hasj, og vert difor dømt til å betale to tusen kroner i bot.

Mannen slepp å dekkje sakskostnadene.