I om lag 10 år har Det Norske Misjonsselskap sine foreiningar i Ørsta hatt felles sommaravslutning i prestegarden. Dette er det mange som sett stor pris på. I år var det fullt rundt alle bord.

– Det er kjempeflott at vi har fått vere her. Det betyr mykje for folk å få kome inn i ein heim seier Eli-Kristin Moltu som er leiar for NMS-styret i Ørsta.

Prestegardane

Eli-Kristin trur prestegardane var bygde såpass store for at dei kunne bli nytta til slike arrangement.

– Det var nok ein grunn for det. Ikkje alle prestar hadde store barneflokkar, seier ho.

Jorunn Austrheim som også sit i NMS-styret, synest det er kjekt å opne prestegarden og heimen sin for misjonsarrangement også.

Kvelden etterpå var det kyrkjekoret som skulle ha avslutning i dei tre fine stovene i det ærverdige huset.

Sidan Matias og Jorunn Austrheim snart flyttar ut av prestebustaden, var det siste gongen dei var vertskap for sommaravslutninga. Difor fekk dei ei pengegåve frå foreiningane slik at dei eventuelt kunne kjøpe ei plante eller busk til sin nye hage.

Fast program

Gjennom alle desse åra har det vore fast at ekteparet Austrheim har sunge duettar, at soknepresten har spelt piano til salmane, og lyst velsigninga til slutt. Slik også denne gongen.

Fast er det også at det har vorte servert kaker, snittar og kaffi. Og at forsamlinga har fått besøk av ein NMS-tilsett, og ofte ein misjonær.

Alle er like viktige

I år var det misjonær Else Storaas Vatne som var invitert. Ho og mannen, Helge Vatne, har vore 4 år i Mali. For tida er dei i Oslo fordi det er uro i landet.

Else fortalde både frå misjonsarbeidet og heldt andakt. Ho las mellom anna bibelverset Rom. 10.14-15 "Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om". Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre er dei er, føtene som kjem med gledesbod!".

– Nokon må reise ut som misjonær, men ikkje alle. Men alle kristne er like viktige. Prestar og misjonærar får ofte ein glorie over seg. Men vi er ikkje meir spesielle. De er like sentrale. Utan dykkar pengar og bøner kan vi ikkje drive misjon, understreka ho.

Arbeidet i Mali

I Mali driv NMS med mellom anna radioarbeid. Dei arbeider også for å få slutt på omskjering av kvinner.

– Utviklinga går i den retning at dei som blir omskorne er yngre år for år. Dette fordi dei då ikkje yter så mykje motstand. Det er kvinner som utfører inngrepa, som fører til mange helseplager. Ofte veit ikkje dei som lir at det kjem av omskjeringa. Det er ikkje Koranen som seier at dei skal omskjerast, det ligg i kulturen. Noko dei alltid har gjort. Det er ikkje lett å få slutt på dette, fortalde Else.

Det er mannen hennar, Helge Vatne, som har ansvaret for rapportering og den økonomiske biten av dette arbeidet som er støtta av Norad. På grunn av uroa i landet vert det meste av arbeidet no gjennomført av lokale arbeidarar, og administrert frå Oslo. Ho og mannen vonar å vere tilbake i landet etter sommaren.

Stor gjestfridom

Misjonær Else syntest det var kjekt både å møte misjonsfolket i Ørsta, og vere i den flotte prestegarden.

– Det er triveleg å få kome inn i ein prestegard med tre store stover fulle av folk, og kjenne ein så stor gjestfridom.