Kenneth Nydahl på G-Sport på Ørsta Torg er oppgitt over at parkeringsplassane i sentrum stadig er okkupert av bilar som står der heile dagen. No etterlyser han både haldningsendring blant folk som arbeider i sentrum og innføring av tretimarsparkering på dei mest sentrale kommunale plassane.

– At vi får til ei tretimarsparkering er ekstremt viktig for handelen. Når eg kjem på arbeid om morgonen, er det stort sett sprengt kapasitet allereie. Butikkdrift er avhengig av at folk lett kjem seg til butikken. Må kundane parkere eit stykkje unna, finn dei kanskje ein annan plass å handle neste gong, seier Nydahl.

Tilsette okkuperer plassane

Han estimerer at mellom 60 og 70 prosent av bilane som står parkert i sentrum står der lenger enn tre timar. Stort sett høyrer bilane til folk som arbeider i butikkar, kontor eller som bur i sentrum, registrerer han.

Nydahl oppmodar folk som arbeider i sentrum om å tenkje på kundane og parkere bilane sine t.d. på Mørebiltomta eller ved Kaihuset, og la dei mest sentrale parkeringsplassane stå ledig til handlande.

– Vi som er i sentrum i litt meir enn tre-fire timar greier å gå eit stykkje. Vi har alle sunt av å gå litt, seier han.

Fullt i høgtidene

Om ikkje noko vert gjort for å frigjere parkeringsplassar i sentrum, fryktar Nydahl kaos i framtida.

– Ein merkar det ikkje så mykje no, men t.d. i høgtider og når det skjer ting slik som Kvivsvegopninga, då har vi eit stort problem, seier han. I tillegg vart situasjonen verre av at det nyleg forsvann fleire parkeringsplassar ved Amfi.

– Det er gale at Amfi får byggje på utan å byggje parkeringskjellar eller parkeringstak. Sjølv om det offisielt ikkje forsvann parkeringsplassar, har grusplassen fungert som parkeringsplass på heilagdagar, sukkar Nydahl.

– Kommunen må på banen

No sender han ballen vidare til Ørsta kommune, som eig dei aller fleste parkeringsplassane i Ørsta sentrum. Oppmodinga er å innføre tretimarsparkering i sentrum, og handheve regelen med parkeringsbøter.

– Her må kommunen på banen. Med litt streng handheving i starten, vil problemet vere løyst på kort tid, trur Nydahl.