Leiar Else Beate Barstad i viltnemnda reknar med det vil verte mykje å gjere for jegerane i Ørsta kommune i haust. Hjortestammen er nemleg framleis rekordhøg, trass aktiv jakt dei siste åra.

– Vi har ikkje greidd å redusere hjortestammen etter målsetjinga, så vi må framleis ha ei høg avskyting. Teljingar og observasjonar syner at det er minst like mykje hjort i Ørsta som det var for eit par år sidan, seier Barstad.

Utvida jaktperiode

I år vert jaktperioden i Ørsta utvida. Første jaktdagen er 1. september, ti dagar tidlegare enn normalt. Jakta sluttar som vanleg 23. desember.

– Dei aller fleste har tenkt å skyte heile perioden, men enkelte storvald og jaktfelt har sjølv bestemt at dei skal slutte etter november, seier Barstad.

Sterk hjortestamme

Ho trur det kan verte mykje godt hjortekjøt å få i år.

– Vi ser ut til å ha ei ganske sterk hjortestamme no. Tidlegare år har det vore meldt om mange daude dyr, men det har det vore lite av i år. Dei har ete godt og hatt ein god vinter, så dei er ikkje så avmagra som tidlegare år.