Tysdag vart ferjekaia på Slår stengt. Ho er no stengt inntil vidare, og kommunen må finne ut kva ein eventuelt skal gjere med kaia.

Det er Ørsta kommune som eig ferjekaia på Skår, og det vart nyleg gjennomført ein inspeksjon av kaia.

– Bakgrunnen for dette er tips frå Statens vegvesen som har utført tilsvarande inspeksjonar på sine kaier i Hjørundfjorden, der dei har funne fleire skadar. Mogeleg årsak til utvasking og erosjonsskadar er ifølgje vegvesenet at ferjestorleiken har auka med dertil verknad på kaikonstruksjon. Anna årsak kan vere skade frå orkanar, då med Dagmar som den siste, seier einingsleiar Ulf Kristian Rognstad for kommunalteknikk i Ørsta kommune.

To gardsbruk

Ferjekaia på Skår i Hjørundfjorden er ei kai med kommunalt driftsansvar. Skår har to gardsbruk, der det eine framleis har drift. Kaia er også nytta til friluftsliv og turisme. Det er ikkje faste anløp med ferje til kaia, men ferja stopper på signal.

Omfattande

– Rapporten frå dykkarinspeksjon viser til dels omfattande erosjonsskade der tre av fire søyler er undergravne, og dei har ikkje kontakt med sjøbotnen. Den eine søyla har kontakt med halve flata til sjøbotnen. Fenderverket er i generelt dårleg forfatning. Der er derimot ingen undergraving av landkar under kaia, seier Rognstad.

Konklusjonen til kommunen er at ferjekaia på Skår vert stengt for all trafikk med kjøretøy på ubestemt dato. Alle trafikk med bilferje vil ta slutt frå og med i dag. Ørsta kommune ved eining kommunalteknikk arbeider med å etablere ei mellombels løysing for persontransport og mindre varetransport ved hjelp av skyssbåten på Sæbø.