Hurtigruten vil teste ut Hjørundfjorden som destinasjon på seinsommaren i år eller i 2013.
Det fortel kommunikasjonssjef Ragnar Norum i Hurtigruten til Møre-Nytt.
Dramatisk auke
Hovudårsaka til at Hurtigruten vurderer å bytte ut Geiranger mot Hjørundfjorden er det Hurtigruten karakteriserer som ein dramatisk auke i hamneavgifta i Stranda kommune.
– I tillegg til auken må vi også betale for dei passasjerane vi har i Geiranger som ikkje går i land, fortel Ragnar Norum i Hurtigruten.
– Kor stor er auken for dykk?
– Det vil koste oss mellom 600.000 kroner og ein million meir denne sesongen samanlikna med tidlegare sesongar dersom avgiftene til Stranda kommune vert slik det no er lagt opp til. Men saka er ikkje avgjort, og vi er i forhandlingar med kommunen.
Ålesund
Frå 15. april til 15. september seglar Hurtigruten strekninga Ålesund–Geiranger tur/retur.
– Turen tek åtte timar og vi brukar såleis mykje drivstoff. Dette er uheldig for miljøet. Geiranger er einaste staden vi ikkje er nøydde å reise til. Og når vi kan kome til å tape pengar på turen, som følgje av hamneavgifta, vil vi sterkt vurdere Hjørundfjorden i staden for Geiranger. Hjørundfjorden er jo minst like vakker som Geirangerfjorden, og opplevinga er såleis like fin. Seglingstida dit er også berre halvparten så lang som til Geiranger, forklarar Norum.
Testturar
Det er ikkje avgjort om Hurtigruten vil ta eit par testturar i sommar eller om dei vil vente til neste år. Turen vil gå tur/retur Ålesund–Hjørundfjorden.
– Planen kan vere at passasjerane vert frakta med buss frå Øye og over Norangsdalen og til Ålesund via Geiranger, fortel Norum.
Han understrekar at Hjørundfjorden kan verte ein permanent destinasjon for Hurtigruten uavhengig av hamneavgiftene på Stranda og Geiranger.