Marine Harvest-fondet har løyvd 30.000 kroner til Ørsta Røde Kors, hjelpekorps. Pengane er nytta til å kjøpe ein ny båttilhengjar. Dette gjer at responstida til hjelpekorpset for redning i sjø vert endå kortare.

– Den hengjaren vi hadde tidlegare var ikkje tilpassa båten vår, og dermed var det litt bry. No har vi fått ein hengjar som passar, og det vert mykje lettare for oss, seier Børulf Lefdal i hjelpekorpset.

Takksame

Han og hjelpekorpset er svært takksame for gåva frå Marine Harvest-fondet.

Det var for to år sidan hjelpekorpset kjøpte utrykkingsbåt. Denne investeringa har vist seg å vere viktig. Redning på sjø er no ein viktig del av hjelpekorpset sitt tilbod, og korpset har vore involvert i fleire aksjonar.

– Vi har mellom anna vore kalla ut til Ulstein, Lepsøya-ulykka i fjor haust og til Hjørundfjorden, fortel Lefdal.

Kjapt

Det å ha ein tilhengjar for båten er svært viktig. Det er eingong slik at ein kjem raskare fram med å nytte landevegen enn sjøvegen. I alle fall når det gjeld oppdrag langt unna Ørsta.

– Då vi vart kalla ut til Ulstein, var vi på plass førti minutt etter meldinga kom, fortel Lefdal.

Marine Harvest-fondet er oppretta av oppdrettsselskapet Marine Harvest. I statuttane for fondet heiter det at det kan delast ut til allmennyttige føremål i dei kommunane selskapet er etablert.

– Søknaden frå Røde Kors i Ørsta var ikkje vanskeleg å seie ja til. Det at midlane skal brukast til redning i sjø var jo også eit poeng for oss, så lenge vi er eit selskap som opererer i sjøen, seier John Ivar Sætre i Marine Harvest.