Ørsta-verksemda Fora form er ein stor leverandør av flyplassmøblar i Noreg, og har også fått kontrakten på levering av møblar til den nye Pir nord på Oslo lufthamn.

Den nye delen av lufthamna er no teken delvis i bruk, og dei nye møblane er komne på plass. Dei skal gi kvile til millionar av reisande dei komande åra.

Også den gamle delen av Oslo lufthavn har møblar frå Fora Form. Det har også Bergen lufthavn, Flesland, den nest største lufthamna i Noreg.

Møblane er utvikla av designbyråa Torsteinsen Design AS og Dysthe Design AS.

Sjølve leveransen av møblane har ein verdi på rundt fem mill. kroner for Fora Form. I tillegg har verksemda ei rammekontrakt på vedlikehald og fornying av møblane.

Pir nord blir teken i bruk for fullt neste år. Då blir den årlege kapasiteten til landets hovedlufthamn auka til 30 millionar passasjerar. Utvidinga inkluderer også større togstasjon, innsjekkingsområde, tryggleiks- kontroll og ny bagasjehall.