54 prosent av innbyggjarane i Bjørke og Viddal krinsar seier ja til å verte verande i Ørsta kommune. Det viser resultatet av innbyggjargranskinga Opinion AS har gjennomført på vegner av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Det er 42 prosent av innbyggjarane som har svara at dei vil til Nye Volda kommune, medan tre prosent har svara veit ikkje. Svarprosenten i innbyggjargranskinga er på 89.

- Eg er svært glad over resultatet, og med eit så klart ja-fleirtal for å verte verande i Ørsta, meiner eg at både fylkesmannen og kommunalminister Monika Mæland må lytte til dette, seier ordførar Stein Aam.

Ørsta kommune har frist til 1. mars med å kome med si fråsegn, og Aam reknar no med at kommunestyret gjer vedtak om at Bjørke og Viddal krinsar vert verande i Ørsta.

- Faktisk utgjer Viddal og Bjørke ein femdel av arealet i Ørsta kommune, og det er også eit argument for at krinsane vert verande i Ørsta. Og vi får framleis ha Kviteggja som det høgste fjellet i kommunen. Det er viktig at Hjørundfjorden er samla i ein kommune, seier Aam.