Uvêret som kom innover Sunnmøre og Vestlandet onsdag sat ein stoppar for to stridsbåtar frå marinen. Dei valde å gå inn Voldsfjorden og låg til kai gjennom natta. Årsaka var dårleg vêr ved Stad. Ifølgje vaktsentralen til Marinen har båtane venta på betre vêr, og gjekk frå kai i Volda torsdag føremiddag.

- Dei har von om å kome seg sørover i løpet av dagen, opplyser vaktsjefen til Møre-Nytt.