Fordi Ørsta kulturhus var under oppussing, vart Ørsta og Volda Ballettskule sitt vårshow sett opp på Operahuset på Nordfjordeid.

Det vart eit strålande show med 300 unge ballettdansarar i sentrum.

Ballettskulerektor Synnøve Rekkedal Hill var svært rørt over det ho opplevde på Nordfjordeid.

Daniel Storeide tok over drifta av skyssbåten på Hjørundfjorden. I eit intervju i Møre-Nytt den 10. juni fortalde Storeide at han hadde kjøpt og henta den nye skyssbåten.

Storeide miste jobben i offshore grunna oljekrisa, og for han var kontrakten med kommunen om skyssbåtdrifta avgjerande for at han og familien kunne halde fram med å bu på Trandal.

«Gjer hobby til levebrød»: Kenneth og Glen-Robin Hustad satsar på landbruket som levebrød, fortalde Møre-Nytt den 15. juni. Gjennom Bondalen Maskin AS tilbyr dei snørydding, slått, massetransport og ferdiggras på rull.

Det vart ein knallstart for laksefisket. Den 15. juni opna fisket i Bondalselva og Ørstaelva, og berre i Bondalselva vart det landa femten fiskar fyrste dagen.

«Dette er sniknedlegging». Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal og dei lokale politikarane fryktar konsekvensane av Domstoladministrasjonen sitt vedtak om å flytte tingretten til andre lokale i Volda.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik er bestemt på at ho og dei tilsette ynskjer å verte verande i Sorenskrivargarden i Volda, melder Møre-Nytt 27. juni.

Urke vert prioritert på topp i Masterplanen for reiseliv i Ørsta. I løpet av tre år er målet å skape femti nye arbeidsplassar i reiselivet, går det fram av planen.