Det er fortsatt område i Ørsta kommune som har dårleg breibandstilbod, og kommunen ynskjer difor å identifisere desse områda for deretter å vurdere om det skal søkjast etter breibandtilskot. For å kunne søkje er eitt av krava i søknaden at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad, heiter det på Ørsta kommune si heimeside.

Regjeringa har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Berre kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om denne breibandstønaden.

Formålet med ordninga er å medverke til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet.

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandsstønad:

* Talet på nye husstandar som får eit breibandstilbod

* Kostnadseffektivitet

* Lokal medfinansiering

* Plan for bærekraftig drift

* Betring av eksisterande breibandstilbod

* Kva dette har å seie for lokal samfunnsutvikling

Ein føresetnad for å søke om statleg tilskot frå denne ordninga er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda i kommunen ordninga skal gjelde for. Ein anna føresetnad er at det skal gis moglegheit for alle interesserte partar å gi innspel til kommunen som kan vere vesentleg for søknaden.

– Ørsta kommune har definert området Hovdenakk-Vatne-Bondalen-Sæbø som eit område som har for dårleg dekning i dag og kommunen ynskjer å søkje støtte for å betre breibandstilbodet i dette området. I dag er lange koparkabelstrekk eit problem i området, der er husstandar som ikkje kan få DSL levert. Mobilt breiband 4G er eit alternativ i delar av området. Dette området har vorte definert som aktuelt, etter tilbakemeldingar frå innbyggjarar i området, og det har vore arrangert folkemøte der dagens breibandstilbod har vore diskutert og kartlagt, heiter det frå kommunen.

Ørsta kommune ønskjer innspel til prioritering av område og eventuelle lokale forhold som bør vektleggast.

– I samband med søknaden vil vi difor invitere bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplanen for kommunen innan 3. mai 2017, heiter det.