Venstre er ikkje Venstre utan at det er litt tvisyn ute og går.

–Det er delte kjensler, men alt i alt er det fornuftig å sitje ved bordet i staden for på gangen.  Eg håper vi kan tone ned noko av blåfargen, men det må nok også gjerast mange kompromiss, seier Gunnar Knutsen, som sit i formannskapet i Ørsta for Venstre.

Innvandringspolitikken er nok det området der det er størst avstand mellom Venstre og Framstegspartiet. Venstre-folk fleire stadar i landet har meldt seg ut fordi dei ikkje vil vere på same lag som Sylvi Listhaug.

–Eg for min del vil snu på det og spørre korleis det vert for Sylvi Listhaug å samarbeide med Venstre, som vil vere meir medmenneskelege enn henne, seier Gunnar Knutsen.

Miljø-siger

Venstre fekk gjennomslag for at regjeringa skal seie nei til oljeutvinning sårbare område i Lofoten, Vesterålen og utanfor Mørekysten. Det meiner Gunnar Knutsen er den største sigeren. Det same gjer Fride Sortehaug, som er varaordførar for Venstre i Volda.

–Då vi gjekk til val var eg svært skeptisk til å gå inn i regjering med FrP, men eg støtta at vi innleidde forhandlingar, og er positivt overraska over at det gjekk så bra for oss, seier Sortehaug.

Pelsdyr

Pelsdyrnæringa er den store taparen etter regjeringsforhandlingane. Sortehaug forsvarer Venstre sitt syn om å avvikle næringa.

–Det er sjølvsagt leit for dei som har hatt det som familietradisjon å drive med pelsdyr, men Noreg ligg etter Europa når det gjeld å ta omsyn til dyrevelferd, og det er på tide å kome etter, seier Sortehaug.

Venstre-kollega Gunnar Knutsen i Ørsta er meir i tvil.

–Eg har alltid tenkt at motstanden mot pelsdyr er ein sak for Oslo- Venstre. Når det er ein marknad for pels vil det vere leverandørar. Dersom produksjonen vert flytta frå Norge til Kina er det ikkje sikkert det er eit framsteg for dyrvelferda, seier Knutsen.

Fride Sortehaug er varaordførar i Volda. Foto: Arkivfoto