- Ein stor delegasjon frå Volda og Ørsta har vore deltakarar dei siste åra. Dette er ei kurs- og vinteraktivitets-veke som er tilrettelagt for utviklingshemma. På dagtid er det fleire aktivitetar tilpassa denne gruppa. Mellom anna er det opplæring i alpint, køyring med sit-ski, snø-rafting, køyre med hundespann, bli sendt ned i løypestreng (zip-line), balansere på line, turar i skog og mark med brenning av bål og grillinga av pølser. Siste dagen er det Bjorli Open der alle deltakarane får utdelt startnummer, fortel  Svein A. Arnesen, leiar i styret for Spenningskurset.

Det er fire disiplinar. Langrenn, kort og lang løype, alpint og aking. Stor stemning med studentar og føljepersonar som heiagjeng utstyrt med norske flagg og sauebjøller.

På biletet er nokre ferdige og andre har fått utdelt startnummer og ventar på start. Alle får utdelt gullmedalje og diplom for flott innsats. Det var godt med snø og fin sol dei første dagane, snøbyer siste del av veka. Det er idrettsstudentar frå Høgskulen i Volda og elevar frå Møre folkehøgskule i Ørsta som er instruktørar. Dei har det som ein del av sin praksis i utdanninga si. Kvar kveld etter middag er det underhalding og dans for alle.

- Samla er vi mellom 200 og 250 personar på dette arrangementet. Kursdeltakarar, følgjepersonar, foreldre og studentar / elevar. Dei to siste åra er overnattinga flytta til Bjorliheimen etter at Bjorli Hotell vart delt opp og selt som private leilegheiter. Hamna dagsenter og bustadane i Volda Ørsta har gjort ein god jobb for at så mange kunne reise. Ei flott og spanande veke for oss alle, seier Arnesen.

Meir på nettstaden: www.spenningskurset.no