Alf Kjell Mo kan med rette seie seg nøgd med nyinvesteringa til det privateigde Vartdal Vassverk. Han har teke på seg ansvaret med å drifte eit splitter nytt reinseanlegg, som er plassert i ein konteinar, eit stykke ned bakken frå inntaket til vassverket. Det einaste som står att før kokepåbodet frå dei rundt 500 som får vatn frå vassverket kan bli oppheva, er ei godkjenning frå Mattilsynet. Godkjenninga skulle etter planen på plass torsdag, med grunna sjukdom kunne ikkje Mattilsynet stille opp. Det er likevel snakk om formalitetar før alt er på plass, og anlegget har vorte testa ut i tre veker allereie, med godt resultat.

Reint vatn

– Eg kjenner i alle fall forskjell. No drikk eg rett frå springen, og det både smakar og er reint vatn eg får i glaset. No er det slutt på turane til Ørsta for å hente meg vatn der, humrar Mo.

Det er firmaet Servitech frå Sjøholt som har levert anlegget, som altså får plass i ein liten og hendig konteinar.

– Ei rimeleg og effektiv løysing. Skulle det bli behov for å flytte anlegget, er det også enkelt, forsikrar salsingeniør Mathias Sandnes.

Dei tilpassar kvart enkelt reinseanlegg etter behov. På Vartdal har prislappen vorte på rundt to millionar kroner. Ein grei pris å betale, meiner Mo, når det sikrar eit godt tilbod for tørste vartdalingar. Vassverket er også gjeldfritt, så investeringa sparkar ikkje bein for vidare utvikling heller.

Vekst

Reinseanlegget er utstyr med naudaggregat som koplar seg automatisk inn ved straumstans. Det har ein kapasitet på 200 kubikk, men med enkle grep kan dei auke dette til 400, dersom det skulle bli behov.

– Vi satsar jo på vekst i bygda, så då er det klart at vi må ta høgde for at fleire vil kople seg på, seier Mo.

Vassverket vart starta opp i 1954, og forsyner om lag halve bygda med vatn. Det kommunale vassverket tek seg av den andre halvparten. Håvard Vartdal har vore ein av pådrivarane for det private vassverket dei siste 40 åra, både for å sikre vatn i springen til bygdefolket, men også for å sikre nok vatn til eiga verksemd, Vartdal Plastindustri. Han gler seg også over at reinseanlegget har kome på plass. Det er fleire år sidan Mattilsynet påla vassverket å få på plass eit reinseanlegg, men vegen dit har vore lang. Det har mykje med uavklarte planar for Vartdal kraftverk som ligg side om side med vassverket å gjere.

– Før vi visste om dei ville bygge nytt eller om dei ville ruste opp det gamle kraftverket, var det vanskeleg for oss å lande på ei løysing. Men no er alt på plass. Eg er også svært godt nøgd med at Alf Kjell Mo har teke på seg ansvaret med å drifte det. Det betyr svært mykje, og eg veit at han vil gjere ein skikkeleg jobb. Vassverket er viktig for bygda, det er det ingen tvil om, og det er også det billigaste vatnet som er å få i kommunen. Nokre fordelar må folket utanfor sentrum ha, seier Vartdal.

Nye rør

Til saman har vassverket om lag ei mil med rør. I sommar vart delar av røyrgata skifta ut, og til neste sommar skal enno meir utbetrast.

– Vi kan vel seie at det har vore eit skrikande behov for desse utbetringane, både når det gjeld å forbetre røyrgata og å få på plass dette reinseanlegget. No er vi berre glade for å ha fått det på plass, og at bygdefolket kan kjenne seg trygge på at det dei får i springen er av topp kvalitet, seier driftssjef Mo.

Kontainer: Det nye reinseanlegget er plassert i ein kontainer ikkje langt unna inntaket til Vartdal Vassverk. F.v. Håvard Vartdal. Vidare: Pål Arne Devold og Mathias Sandnes frå leverandøren Servitech, driftsansvarleg Alf Kjell Mo og Håvard Fjørtoft frå Brattvåg Electro. Foto: Janne-Marit Myklebust
Husrom: Der det er hjarterom er det husrom. Ein liten kontainer med svært nyttig utstyr som bidreg til friskt og reint vatn til rundt 500 vartdalingar. Foto: Janne-Marit Myklebust