Det bur eit par med eitt barn i huset, som ligg på Brautaset i Åmdalen.

– Det var sambuaren min som vakna først. Ho skjøna at noko var gale og vekkte meg opp. Då eg opna døra ned til kjellaren såg eg at der var tjukk røyk. Så då måtte vi berre røme ut, seier mannen som bur i huset.

Dette var ved femtida. Huseigaren som bur like ved vart også vekkt opp.

– Eg trudde vi hadde klart å sløkke brannen, men etter at brannvesenet kom blussa det opp att, fortel huseigaren.

Store skader

Brannfolk i arbeid. Foto: Svein Aam

Huset har fått store skader innvending på grunn av røyken, og fordi brannfolka måtte ta vekk kledning for å kome til. Huseigar synest det heile er ein alvorleg tankjevekkjar.

– Pipa var kald. Det hadde ikkje vore fyrt i omnen sidan fredag, fortel huseigaren.

Dei tre som budde i huset vart køyrde til sjukehus for sjekk.

– Det svei litt i brystet på grunn av all røyken, fortel mannen som bur i huset.

Men det var ikkje noko alvorleg og dei vart straks utskrivne.

Ulma lenge

Innsatsleiar Olav Saure i Ørsta Brannvesen fortel at første meldinga gjekk ut på at pipebrannen var sløkt.

– Eg valde likevel å mobilisere heile vaktlaget for å vere sikker, fortel Saure.

Og det viste seg at brannen slett ikkje var sløkt.

– Det ser ut til at det som har byrja som ein pipebrann har spreidd seg til kledninga rundt pipa, seier Saure.

– Dei som bur her fortel at dei ikkje har fyrt sidan fredag?

– Det kan godt stemme. Ein slik brann kan oppstå i treverk som har vore utsett for varme, og det kan ligge å ulme lenge.

– Kva er årsaka til pipebrannar?

– Eg vil ikkje trekkje nokon konklusjon om dette brannen, men generelt oppstår pipebrannar på grunn av beksot som legg seg i veggane i pipa. Årsaka til det kan vere feil fyring, anten på grunn av fuktig ved, eller på grunn av lite trekk.

Brannfolk jobbar ved eldstaden inne i stova.
Brannfolk jobbar ved eldstaden inne i stova. Foto: Svein Aam