– Av taktiske grunnar vil eg oppmode styret om å betale ut utbyte for 2011 med det same beløpet som det ville ha kosta Tussa dersom eigedomsskatt hadde vorte innført i Ørsta. Dersom denne eigedomsskatten hadde vorte innført, ja, då måtte denne skatten ha vorte betalt anten det hadde vorte overskot eller underskot, seier Kolås i eit skriv han har sendt til styreleiar Svein Gjelseth i Tussa.

Uheldig

Kolås fryktar nemleg at eigedomsskatt kan verte innført, og at det vil vere uheldig for Tussa.

– Eg ser at leiinga i Tussa meiner at selskapet er verdt to milliardar kroner. Kanskje kan vi halvere dette beløpet til ein milliard, og kor mykje ville eigedomsskatten då ha vorte. Svaret er sjølvsagt avhengig av promillestansen, men det ligg heilt klart i dagen at dette vil utløyse ein vesentleg kostnad for selskapet, seier Kolås.

Han registrerer at ordførar Rune Hovde i Ørsta har sagt at det er eit problem for Ørsta kommune at ein har gjort seg avhengig av Tussa-utbytet. Kolås ser det ikkje slik, og han håper at Tussa-styret ikkje ser det slik.

– Kraftmarknaden er den sikraste og mest utbyterike næringa ein kan drive med – av alle næringar ein kan drive med her på kloden, seier Kolås.

Støtte

Han ser det som viktig at tidlegare kommunestyre i Ørsta var med på å selje Ørsta Energiverk til Tussa, og på den måten byggje opp Tussa som selskap.

– Dei dåverande politikarane hadde vyar for Tussa, og det er nettopp dette som no har falle på plass. No har vi alle mulegheiter, både for oss som lever her og no, og for dei som kjem etter oss. Ein orkan no og dåp må ikkje skiple det store biletet, seier Kolås.