Ida Glomnes(20) frå Volda er ute av songtevlinga The Voicepå TV2.
Langfredagskveldenvar ho klar for duell mot amerikanske Andrew Hill, og saman song dei «Young Folks» av Peter, Bjørn and John.
Det var Sondre Lerche somvalde at Ida skulle forlate The Voice. Lerche er Ida sin mentor, og valde henne ut i aller siste litendå Ida presenterte seg for fyrste gong.
Før ho gjekk på scena i programmet fredag kveld vedgjekk Ida at ho var veldig nervøs. Likevel meinte ho at ho var mindre nervøsenn den fyrste kvelden ho var med. Faktisk hjelpte det henne at det var ein tilpå scena, vedgjekk Ida. Ho sa at den største utfordringa var å hugse teksten.
Magne Furuholmen sa etter framføringa at viss Ida hadde vore svensk, hadde ho vore indie-dronning. Yosef rosa Ida for å vere ærleg på scena.
Sondre Lerche hadde det avgjerande ordet. Han rosa Ida for å vere tilbakehalden, noko som gjorde framføringa løyndomsfull. Likevel meinte han at konkurrenten Andrew hadde litt meir særpreg i røysta, og valde han til å gå vidare.