– Utspelet til Høgre-leiar Erna Solberg var orda som fekk begeret til å renne over, seier Aarflot Kalland.

Fredag uttalte nemleg Solberg at det var «horribelt» dersom Kalland, som næraste nabo til Skrivargarden, har vore innblanda i sal av jord på den aktuelle staden.

Refsar Høgre-leiaren

Høgre-leiaren sin reaksjon kom etter ein samtale med Lars Lothe og Leif Hogne Rygh, som begge har hatt interesse av å realisere jordbruksareal ved Skrivargarden til anna føremål, som til dømes barnehage og seniorbustader.

– Solberg sine kommentarar er spesielt alvorlege, fordi dei berre er basert på éin kjelde og feilaktige opplysningar, seier ho.

Trugande brev

Både Rygh og Lothe har møtt motstand i kommunen i samband med prosjekta deira, og ordføraren sin bror, Ragnar Aarflot, har uttalt at han har interesse av å fastsetje området kring Skrivargarden som landbruks-, natur- og friluftsområde. Både Rygh og Lothe meiner Aarflot er ugild i saka, og ordføraren har sjølv motteke anonyme brev som er relatert til temaet om Skrivargarden. Ho vil ikkje kommentere innhaldet i breva, men seier dei er alt anna enn positive.

Personleg krevjande

– Eg har oppfatta dei som trugande, seier Kalland.

Sjølv har ho fått to brev i november og i sommar, medan broren har fått eitt. I tillegg har eit anonymt innlegg vore på trykk i Møre-Nytt, der det har vorte insinuert at Kalland bør trekkje seg frå politikken.

– Dette har vore ei krevjande sak både for meg personleg, men også for familien min. No legg eg etterforskinga av breva i hendene på politiet, seier ho.