Onsdag ettermiddag var det tilløp til dramatikk i ordførarforhandlingane i Volda. Etter det Møre-Nytt kjenner til, skal Venstre og Helge Hamre ha truga med å bryte ut av fleirtalskonstellasjonen, og lokke med seg Høgre til å samarbeide med Ap, SV og Sp. Høgre sin Eivind Næstad-Bolstad skal i så fall vere ordførarkandidat.

Det er partia H, KrF, V, Frp og den nye Ferjelista som forhandlar om verva og ein politisk plattform i Volda. Forhandlingane har halde på i to døger. Kl. 16.00 onsdag ettermiddag sette partane seg saman etter å ha hatt ein pause sidan midnatt.

Det er klart at både Arild Iversen (KrF) og Jon Georg Dale (Frp) ynskjer å verte ny ordførar. Begge argumenterer med å ha valresultatet i ryggen.

Forhandlingane har vore i ein god tone, men har vore fastlåste. Difor er det Venstre skal ha kontakta Ap-fraksjonen, og ha lokka med Jan Henning Egset (Ap) som ny varaordførar i Volda.