Heilt sidan Eiksundtunnelen opna i 2008 har det vore problem med vassdamp. Særleg på varme dagar har det danna seg kondens i tunnelen, og tidvis har tunnelen vorte stengt fordi det har vore for dårleg sikt. Blandinga av eksos og vassdamp har også gjeve falske brannmeldingar.

No vil vegvesenet gjere noko med dette. Overfor Volda brannvern, som har branntilsynet med tunnelen, vert det opplyst at det kan verte aktuelt å senke grensene for når CO-nivået og NO-nivået skal indikere start på viftene i tunnelen. Då er teorien at det kan medverke til at ein raskare får fjerna eksos og kondens frå tunnelen.

- Dette for å unngå falske brannalarmar, seier avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen i eit brev til brannavdelinga i Volda kommune.

Konflikt

Det har dessutan oppstått ein konflikt mellom vegvesenet og branntilsynet i Volda kommune. Sidan tunnelen vart opna i 2008 har det vore meininga at lufta skal blåsast ut i retning Eiksund.  Etter eit tilsyn frå brannvernet i Volda si side vart det avdekt at vegvesenet ikkje har gjennomført dette. Det har vore ein feil ved ventilasjonsanlegget sidan opninga i februar 2008.

Faktisk ville vegvesenet gjennomføre nye målingar av vinderetningane i tunnelen, men dette arbeidet vert no kansellert etter branntilsynet sitt pålegg.  Vegvesenet seier seg leie for at registreringane av vindretningane i tunnelen ikkje vert gjort ferdige, og vil følgje pålegget frå branntilsynet i Volda.

- Det er bestemt at ventilasjonsanlegget vil verte omprogrammert slik at det vert i samsvar med det som står i beredskapsplanen - med fast ventilasjonsretning mot Eiksund, seier Nauste.