I klagen skriv kommunedirektør Wenche Solheim blant anna:

«Ørsta kommune har merka seg vedtaket og saksutgreiinga, som vedtaket byggjer på. Kommunen vil med dette klage på vedtaket. Ørsta kommune opprettheld påstanden om at det vil vere urimeleg byrdefullt å krevje attendebetaling av ein sum tilsvarande det ekstraordinære skjønstilskotet som kommunen fekk frå Statsforvaltaren. Dette tilskotet vart gjeve for å dekke ein ekstra kostnad i samband eit tiltak, som måtte prioriterast og gjennomførast av omsyn til samfunnstryggleik og sikring av bebuarane på delar av Vallabøen. Dette vart såleis ei ekstra økonomisk belastning. Det er dette som er føremålet med ordninga skjønstilskot.»

Kommunen meiner at det bør visast skjøn i høve regelverket i denne saka. Og viser til at flaumsikringa vart bygd til ein vesentleg lågare kostnad enn det som vart lagt til grunn i dei opphavelege kostnadskalkylane.

Kostnadsoverslaget var på om lag 48 mill, medan rekneskapen syner at tiltaket vart gjennomført for 28,4 mill kroner.

– For denne kostnaden har kommunen tilført prosjektet ein betydeleg meirverdi for lokalsamfunnet. Vollen er opparbeidd også som eit friområde / turområde. Dette er eit folkehelsetiltak, som gjev meirverdi og ein samfunnsøkonomisk gevinst, noko kommunen meiner bør tilleggast vekt, skriv Solheim, og ber NVE å ta dette inn som eit skjønsmessig moment i klagehandsaminga.