Då kan altså voldingane få testa seg i eigen kommune.

– Det er open teststasjon måndag til fredag mellom 13.00-15.00 med utlevering av prøver inne på samfunnshuset, og alle prøver skal leverast i kassa utanfor inngangen. Prøvene vil som vanleg bli henta måndag-fredag kl 11.00 og blir sendt vidare til lab kl 12.30, heiter det på Volda kommune si heimeside.

Dersom ein er smitta eller trur ein kan vere smitta, skal ein ringe på ringeklokka ved inngangsdøra så vil nokon kome ut med test.

Utlevering av testar onsdagar mellom kl 15.00-16.30 vil halde på som normalt ved samfunnshuset så lenge behovet og oppmøtet er der.

Koronatelefonen (700 58 960) vil fortsatt vere open måndag til fredag 10.00-12.00 og det vil fortsatt bli utført smittesporing ved legevakta i Hovdebygda

Påska 2022:

Det blir vanleg opningstid på samfunnshuset mellom 13.00-15.00 måndag-onsdag. Koronatelefonen er open som vanleg desse dagane.

Utlevering av testar vert tysdag i staden for onsdag denne veka mellom 15.00-16.30

Kassa for testing vert tømt som vanleg måndag-onsdag, ellers vert den tømt ein gong i løpet av påska.

Dokfilm festivalen 2022:

Under dokfilm festivalen 20-22. april, vert utlevering av testar flytta til rådhuset.