Forventningane i arbeidslivet har teke ei vending sidan i fjor, viser den årlege undersøkinga.

Færre ventar at det blir fleire tilsette i år. Netto er det berre ei av ti bedrifter som ventar auka sysselsetjing.

– Vi må tilbake til 2016 for å finne lågare optimisme, og det er berre tre gonger dei siste 20 åra at han har vore så låg som no, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

I tillegg til oljepriskrisa var dei andre botnpunkta lågkonjunkturen i 2002–2003 og finanskrisa nokre år etterpå.

Hovudproblemet dei siste åra har vore å få tak i kvalifiserte folk. Det er i mindre grad ei utfordring no, ifølgje Nav.

Men det er heller ikkje slik at arbeidsgivarane ser for seg at dei må nedbemanne. Dette talet ligg stabilt frå i fjor. Derimot er det ei større gruppe enn før som trur sysselsetjinga vil bli uendra.

Størst mangel på sjukepleiarar

For to år sidan mangla det 70.000 personar for å dekkje behovet i arbeidslivet, noko som var eit rekordhøgt nivå. No er talet 43.600 personar.

Mangelen på folk er monaleg redusert når ein ser tala samla, men det er store forskjellar mellom yrkesgruppene, poengterer Nav-sjefen.

– Innan helse og omsorg er mangelen betydeleg, og verksemdene rapporterer om stor mangel på sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og legespesialistar, seier Holte.

Størst manko er det innan desse yrkesgruppene:

* Sjukepleiarar – 3750

* Helsefagarbeidarar – 3100

* Andre helseyrke – 1950

* Butikkmedarbeidarar – 1600

* Kokkar – 1250

* Legespesialistar – 1150

* Elektrikarar – 1000

* Anleggsmaskin- og industrimekanikarar – 950

* Tømrarar og snikkarar – 900

* Grunnskulelærarar – 850