Etter imponerande 37 år og ein månad som biblioteksjef, har Tove Aurdal Hjellnes pensjonert seg. Vi er difor på jakt etter ny biblioteksjef. Søknadsfristen er 05. februar, skriv Volda kommune på si heimeside.

Tove Aurdal Hjellnes har pensjonert seg. Foto: Privat

Tove skriv på biblioteket si Facebook-side at det har vore eit privilegium å få arbeide med og for voldasamfunnet, å følgje generasjonane av bibliotekbrukarar, samarbeide med lag, foreiningar, skular, andre kommunale tenester – og ikkje minst eit mangfald av voldingar, om å lage eit best mogleg bibliotektilbod i Volda.

Vidare skriv ho at ho takkar alle ho har møtt og som har vore med på å fargelegge alle kvardagane og alle arbeidsdagane, og gjort dette til ein ualminneleg meiningsfull jobb! Ein biblioteksjef må kjenne samfunnet og kommunen ho virkar i, og det har ho fått god hjelp til av rause voldingar generelt, og bibliotekbrukarar spesielt - som stiller krav og deler av det dei kan.