Eldrerådet ber i eit vedtak om at det vert oppretta datasupport/datavert i Ørsta kommune ein dag per veke.

– Føremålet er å hjelpe eldre til å verte sjølvhjelpte og tryggare i bruk av telefon/nettbrett. Dette gagnar den enkelte og kommunen, og tiltaket er i samsvar med mål i reforma «leve heile livet».