Mannen var tiltalt for å gje uriktige opplysningar då han leverte meldekort til Meldekortsentralen i perioden 30. august 2014 til 24. mai 2015. Mannen opplyste at han hadde arbeida tre timar for to arbeidsgivarar, medan han i realiteten hadde arbeida 997,5 timar. Ifølgje tiltalen kunne dei feilaktige opplysninga påføre NAV eit tap på 131.794 kroner. I tillegg var mannen tiltalt for å gje falsk forklaring.

I Søre Sunnmøre tingrett møtte den tiltalte og sa seg delvis skuldig etter tiltalen. Aktor la ned påstand om at mannen vart dømd til fengsel i 36 dagar, og mannen vart dømd til å betale sakskostnader etter retten sitt skjønn. Forsvararen til mannen la ned påstand om at klienten vart frifunnen.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til samfunnsstraff i 36 timar. Gjennomføringstida er sett til 120 dagar og den subsidiære fengselsstraffa vart sett til 36 dagar. I tillegg må mannen betale sakskostnader til det offentlege på 2.000 kroner.