Laurits Holsvik tronar på toppen av skattelista i Ørsta når det gjeld inntekt. Ifølgje Skattedirektoratet hadde han i 2013 ei skattbar inntekt på 10,520 millionar kroner. På formuestoppen ligg Knut Grønnevet med 127,3 millionar kroner.

Du kan no sjekke ut kven som hadde mest i inntekt, skatt og formue på morenytt.no sine sider.

Dei siste åra har mulegheitene til å søkje i skattelistene vorte skjerpa inn. Dei som vil søkje på einskildpersonar må gjere det via Skattedirektoratet sine sider, og vere merksame på at den dei søkjer kan finne ut kven som søkjer på han eller henne.Skattelistene finn du her.