Eit bustadhus ved Høgebrua er rekna som totalskadd etter ein brann natt til fredag.

Eit par i tjueåra budde i huset, og berga seg ut. Dei vakna av at hunden deira bjeffa. Då dei stod opp og gjekk ut i gangen merka dei røyk - og høyrde også etter kvart brannalarmen. Dei to fekk med seg hunden ut, og fekk varsla brannvesenet.

Brannvesenet kom raskt til staden, og fekk etter kvart sløkt brannen.

Politiet vil søkje eter brannårsaka seinare i dag.