Bondhus trafikkskule har vore den einaste trafikkskulen i Ørsta som har tilbode traktorlappen for 16-åringar. I august skreiv Møre-Nytt at det no vart slutt på dette tilbodet.

– Den traktoren som vi brukte før var gammal, og skulle vi kjøpe inn ein ny ville det ha kosta 500.-600.000 kroner pluss moms. Det var litt for mykje for oss med den omsetnaden vi har hatt, seier trafikklærar Jan-Åsmund Bondhus.

Fann brukt traktor i Trøndelag

På A-K maskiner las dei om tilbodet skulle leggjast ned, og seljar Arve Søvik tok initiativet for å finne tak i ein traktor som oppfylte kravet om køyreopplæring, og som ikkje var for dyr i pris. Eit passande brukt eksemplar, ein New Holland 6020 2011-modell, fann han i Trøndelag, og traktoren er allereie teken i bruk av trafikkskulen.

– Vi las med fortviling i avisa om at tilbodet skulle leggjast ned. Arve fekk ordna det slik at vi fekk tak i ein traktor som var midt i blinken. Den har vorte bygd om slik at den er godkjent som læretraktor, og med ein gang den var registrert vart den henta for å verte nytta i ein køyretime. Så det var behov for ein ny traktor, seier dagleg leiar Bernt Brekk i A-K maskiner.

Eit problem med den gamle traktoren som vart nytta i opplæringa var dårleg sitjekomfort for trafikklæraren, men traktoren som no er på plass har god sitjekomfort.

– Viktig at tilbodet vert nytta

Leiar i samarbeidsutvalet for bondelaget i Ørsta, Knut Hustad, sa i august at det var forferdeleg leitt at tilbodet for 16-åringane skulle leggjast ned, og at dette var eit viktig tilbod.

– Traktorlappen for 16-åringar er ein måte å fange opp ungdommar som har interesse for landbruket. Mange av desse 16-åringane er motiverte og vil vere med å hjelpe til på gardane, blant anna som avløysarar. Det har vore viktig for å få opp kunnskapen og interessa om landbruket, sa Hustad den gong.

No voner Bondhus trafikkskule at mange vil nytte seg av tilbodet.

– Det er viktig at tilbodet vert nytta. Det er ikkje berre for vår del, men også med tanke på sensorane. Dei som sensorar må ha eit visst tal på elevar som tek førarprøva i løpet av året. Om vi ikkje har lokale sensorar må det kome inn eksterne sensorar, og då vert det med ein gang mykje vanskelegare, seier Bondhus.

– Det er viktig med slik opplæring, og ein traktor er ei stor maskin for ein 16-åring, seier Brekk

– Håper at fleire vil byrje

Tilbodet om føraropplæring på traktor for 16-åringar er allereie opp og går, og det vert allereie nytta av den aktuelle målgruppa.

– I løpet av eitt år så er det rundt femten personar i området her som nyttar seg av tilbodet. Tidlegare så har talet vore på 15 til 20, men det ikkje alltid alle fullfører. Likevel så gjer dei fleste seg ferdig. Vi er i gang att med tilbodet, og vi har fått ein ny som byrja på. I tillegg hadde vi ein som ikkje var heilt ferdig, og som held på å gjere seg ferdig no. Så håper vi at fleire vil byrje, seier Bondhus.