Eitt minutt over midnatt natt til søndag, fekk politiet fleire klager på eit utandørs arrangement på Sæbø. Naboane fekk ikkje nattero, og politiet reiste ut til staden og gav pålegg om å dempe festen.

Tunnelfest

Klokka 00.50 kom det ny klage inn til politiet om ein gjeng med russar som hadde samla seg inne i Rotsethorntunnelen der dei heldt fest og utførte skadeverk. Politiet viste russen vekk og fekk avslutta festen.

Stal bildelar

Ein mann i slutten av tenåra vart teken på fersk gjerning av publikum i det han stal ein bildel frå ein parkert bil i Furene. Meldinga kom inn til politiet klokka 03.15 natt til søndag. Tjuven vart henta av politiet. Mannen har tilstått tjuveriet, og er no slept fri. Saka vert etterforska vidare av lensmannen i Volda.