Ungdomsgarantien sikrar at ingen unge under 30 år skal gå meir enn seks månader utan arbeid før dei får tilbod om jobb, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak.

Alvorleg arbeidsløyse

Denne garantien vart fjerna av Bondevik II-regjeringa, men den raudgrøne regjeringa innførte den på nytt.

– Arbeidsløyse blant ungdom er svært alvorleg, og å hindre at unge menneske fell utanfor arbeidslivet fordrar ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk, skriv Holen Bjørdal i spørsmålet til arbeidsminister Robert Eriksson (Frp).

I den politiske plattforma utgått av Høgre og Framstegspartiet står det ingenting om ungdomsgarantien.

– Bakgrunnen for spørsmålet er såleis å klargjere framtida for dette viktige tiltaket, skriv Holen Bjørdal.