I mai skal Volda si nye storstove, Mørehallen, stå ferdig. Hallen er på ca 3.300 kvadratmeter, og vil huse aktivitetar gjennom heile døgnet. Det handlar om fotballfritidsordning, kroppsøving for grunnskulen, toppidrett fotball for vidaregåande skule, trening for aldersbestemte lag, trening for seniorlag, trening og kampar for bedriftsfotball og kompisfotball, old-boys og old-girls trening (dropin-fotball), trening for private grupper og turneringar for barn og unge. I starten av desember byrja dei ulike gruppene i VTI fotball med sal av andelar i Mørehallen, og salet har passert 200.000 kroner.

– Von om 300.000 kroner

– Vi byrja 6. desember med å annonsere inn mot gruppene, og det har gått raskt med rundt atten salsdagar. I utgangspunktet hadde vi eit mål om å nå 200.000 kroner, men vi har von om å nå 300.000 kroner gjennom privatpersonar som gir. Så lenge namn og personnummer er oppgitt så kan ein også skrive av 280 kroner på skatten, seier Kenneth Nydahl i økonominemnda for Mørehallen.

Den opphavlege salsfasen for andeler er eigentleg over no, men arbeidet med å få inn meir midlar gjennom andelar vil halde fram.

– I januar, februar og mars vil det framleis vere mogleg å kjøpe andelar, og det kan vere folk som ikkje har fått anledning til å kjøpe andelar. Vi håper å få ein best mogleg start når hallen opnar i mai, og at vi kan drive med ein sunn økonomi vidare.

– God oppslutnad

Dei ulike gruppene har vore kreative med sal av andelane, og m.a. vart det sett opp stand i Volda sentrum.

– Vi føler at det har vore eit genitrekk å involvere gruppene. Kvart enkelt lag når tak i mykje folk gjennom besteforeldre, foreldre, tanter, onklar og naboar. Dette engasjerer alle medlemmene. Vi håper at engasjementet held seg opp nokon månader til. Nokon lag har vore litt rolege, medan andre har vore heilt fantastiske. Vi vil ta utgangspunkt i kvart enkelt lag og sjå om der er meir å hente. Oppslutnaden har vore god, og vi håper den varer i tre månader til, seier Nydahl.