Det var avisa Møre som tysdag, utan kjeldetilvising, skreiv at Ørsta kommune saboterer arbeidet med Torvmyrvegen, som dei skriv kan gi fordelar for Volda og også opne for kollektivtrafikk til flyplassterminalen. Avisa hevdar at dei ut frå ei saksutgreiing til formannskapet i Ørsta kan lese at Ørsta kommune prioriterer nytt flyplasskryss før lenging av Torvmyrvegen.

– Overskrift og innhald får denne avisa stå for sjølve. Det er sagt frå politisk hald at dette er prioritert, sa ordførar Rune Hovde i formannskapsmøtet tysdag.

Flaskehals

Per Are Sørheim (H) stiller seg også undrande til tolkinga. Han seier at noko av utfordringa med flyplasskrysset, nettopp er at Torvmyrvegen, som går i bakkant av flyplassen, ikkje er fullt utbygd. Dette er med på å gjere flyplasskrysset til ein flaskehals.

– Hadde Torvmyrvegen gått heile vegen ut i rundkøyringa i Furene ville mykje av problema i flyplasskrysset vore løyst.

Det er lagt ned motsegn frå fylkesmannen mot lenging av Torvmyrvegen grunna hjortetrakket i området. Også dette stiller Sørheim spørsmål ved.

– For oss som køyrer Åmdalen kvar dag, utan hjortetunnelar, så kan vi ikkje heilt skjøne problemet her.

Fylkesmannen varsla også tidlegare i år at motsegna står fast, og at Ørsta og Volda bør starte ein eigen planprosess på Torvmyrvegen, og til sist få ei endeleg avgjerd i Miljøverndepartementet.

Prioriterte vegen opp

Diskusjonen om Torvmyrvegen kom opp i saka der kommunen skal kome med innspel til fylkeskommunen om ønska prioriteringar i samferdselssektoren. Torvmyrvegen er ført på lista, men det er oppgitt at saka må verte avklart i plan før den vert gitt konkret prioritet. Dette valde politikarane no å stryke, for å unngå at fleire mistyder meiningane deira.

– Om Torvmyrvegen må det ikkje vere tvil om kva vi meiner. Den er ein viktig prioritet. Den er viktig for kollektivtrafikken i området, og den er viktig for tryggleiken og miljøet i området. Den er høgt prioritert av Ørsta kommune, og saman med Volda må vi finne ei løysing for det vidare arbeidet, sa Hans#<\p>Olav Myklebust (Frp).

Petter Bjørdal (Ap) minte også om at det er ein svært liten del av vegen som ligg i Ørsta kommune, og at det største ansvaret ligg på Volda kommune.