Etter at Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, måtte sjå ein liten tilbakegang i flytrafikken i mai grunna streik, viser junitala vekst igjen.

Månadsstatistikken frå Avinor syner at det i juni var 10.727 passasjerar som reiste til og frå flyplassen. Det er ein vekst på 6,8 prosent. Tala er interessante, fordi dette er den fyrste månaden i år der ruteopplegget samsvarar med rutene i fjor.

Samanlikna med dei andre kortbaneflyplassane, hadde Hovden den fjerde største trafikken. Florø med sine 13.476 passasjerar hadde mest trafikk.

Stor vekst fyrste halvår

Så langt i år har Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, hatt ein vekst på 14,3 prosent. I løpet av dei seks fyrste månadene i år, altså fyrste halvår, har det vore 60.692 passasjerar til og frå. Det tyder på at Hovden går mot passasjerrekord i 2013.

Hovden har nest størst trafikk av kortbaneflyplassane i fyrste halvår. Berre Florø med 73.089 passasjerar til og frå har meir trafikk.